Artikler
Yoga og stressmeistring for bedrifter
I ein travel arbeidskvardag er det lett at stress, høgt tempo og lite pausar tek over. Over tid kan dette påverke både trivsel, energi og nærvær på jobb.Gjennom Mana Studio tilbyr eg yoga og kurs i stressmeistring spesielt tilpassa bedrifter - med mål om å skape meir ro, betre fokus og ein meir berekraftig arbeidshverdag for dine tilsette.Kvifor investere i yoga og stressmeistring?Små grep kan utgjere ein forskjell. Når vi jobbar med kroppen og nervesystemet, kan det:- bidra til å senke stressnivået- gi betre konsentrasjon og fokus- auke kjensla av ro og overskot- gi tilsette ein pause i ein elles travel dag- vere eit supplement i arbeid med å førebygge sjukefråværDette handlar ikkje om prestasjon, men om å gi enkle verktøy som kan brukast i kvardagen. Å gjere noko saman utanfor dei vanlege arbeidsoppgåvene kan ha stor verdi. Ei roleg yogastund eller eit kurs i stressmeistring gir rom for å møtast på ein annan måte - utan prestasjon og press.Dette kan bidra til:- betre relasjonar mellom kollegaer- auka forståing og respekt- ei kjensle av fellesskap- eit tryggare og meir inkluderande arbeidsmiljøDet blir ein pause der alle er på lik linje.Kva eg tilbyrEg tilpassar opplegget etter dykkar behov, enten de ønskjer ein enkel pause i løpet av arbeidsdagen eller eit meir heilskapleg kurs.Tilbod kan vere:- Rolige yogatimar (passar for alle nivå)- Pust og avspenning- Enkle verktøy for stressmeistring- Kortare økter eller lengre kurs- Foredrag med fokus på stress, kropp og kvardagAlt kan gjennomførast hos dykk (med så mange de har plass til) eller i lokala til Mana Studio (opp til 8 stk)Kven passar dette for?Dette tilbodet passar for alle typar bedrifter - uansett størrelse eller bransje. Du treng ingen erfaring med yoga frå før. Målet er å skape eit trygt rom der alle kan senke skuldrene og hente seg litt inn igjen - saman og induviduelt. Ein liten pause - med stor effektDet skal ikkje alltid så mykje til. Nokre minutt med ro, pust og bevegelse kan vere nok til å gi eit lite skifte i løpet av dagen. Over tid kan slike pausar vere med på å støtte ein meir balansert og berekraftig arbeidskvardag.Ønskjer du å gi dine tilsette eit pusterom i kvardagen - og samtidig legge til rette for trivsel og samhald?Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat, så finn vi ei løysing som kan passe for dykk.Telefon: 481 40 146E-post: manabyanniken@hotmail.com
