Mana Studio
Mana Studio er eit pusterom i kvardagen - midt i hjarte av Askvoll. Ein stad der du kan finne tilbake til deg sjølv, roa di og gløden din.Namnet "mana" blir ofte brukt om ei indre kraft eller livsenergi, og det er nettopp dette Anniken Gjørøy - grunnleggar av Mana Studio, ønskjer å skape rom for. Hos Mana Studio jobbar vi både med det ytre og det indre. Vi tilbyr bryn- og vippebehandlingar der kvar behandling blir tilpassa deg og dine ønskjer. Målet er å framheve det som allereie er der, slik at du kan kjenne deg vel og trygg i deg sjølv.Samtidig har vi eit sterkt fokus på heilskapleg helse. På sikt vil vi tilby yogaklassar og 1-1 timar i stressmeistring, med mål om å gi deg meir ro, balanse og forståing for eigen kropp. *Vi tilbyr også yoga for bedrifter, og kan leigast inn til arrangement og private settingar. Ta kontakt. Mana Studio er også eit kreativt rom. Dei dagane lokalet ikkje er i bruk til behandlingar eller timar, blir det brukt til innhaldsproduksjon og skapande arbeid for utvikling. Det er nettopp denne kombinasjonen av ro, behandling og aktiv kreativitet som gjer Mana Studio levande.Mana Studio er ikkje berre ein stad du kjem til - det er ein stad du kan kome tilbake til, igjen og igjen.